fredag 31. august 2012

Litt hageglede




Herleg, duftande lilla lavendel frå hagen.
Tenkte å tørka litt for å ha til såpe og duftposar.

Mønsterstrikka halsduk i deilig ullgarn frå Navia

Kjøpte meg eit sett med garn og mønster frå Navia då eg var på ferie i sommar. Elskar dette garnet, eg har strikka eit slikt sjal allerede, og det er så utruleg mjukt og godt. Trur diverre det kan ta si tid før eg blir ferdig med dette prosjektet, sidan armen min ikkje er så glad i strikking for tida...


Beige flettevottar med brun "pels"mansjett



Har rota i restegarn-skapet i dag og fann ut at eg ville prøve å lage noko av desse to typane garn.


Etter litt fundering kom eg fram til at eg ville lage meg finvottar som eg skal fôre med fleece (går mykje i vottar for tida, gitt).
Dette blei då resultatet:
Kryssar fingrane for at eg klarar å lage ein til...
 Mulig det blir lue/panneband eller hals til òg.

torsdag 30. august 2012

Grøne vottar i "Cortina"

Nålebundne vantar i det eg kallar "vanlig" sting. 3 lykkjer bak tommelen, sydd fast i ei ny og ei gammal. Bunde i grøn "Cortina soft", fargenr 762, frå Gjestal. 

Her har eg byrja i tuppen av votten og bunde meg nedover.



Mitt første nøste med garn spunne på handtein

 
Eg fekk meg håndtein i sommar, og denne måtte jo såklart testast... Fann litt lilla merinoull frå Panduro som eg hadde liggande, og resultatet blei faktisk ikkje så verst...  

 
 

Nålebundne, tova vottar


Prøvde meg på eit par herrevottar med utgangspunkt i ei oppskrift eg fann i boka "Votter i Namdalen" som er utgitt av Nauma Husflidslag.


Vottane er bundne i oslo-sting med tretråda ullgarn med to maskar bak tommelen. Tova i maskin 

Vottane blei utruleg tette og mjuke etter tovinga.
Har planar om å brodere og pynte dei litt, og gi dei vekk i gåve.

Brikkevevd band i eige mønster

Dette er eit langt, litt breitt ullband som eg har tenkt å bruke som veskereim til ei tova veske. Må berre bli ferdig med veska... Prøvde meg litt fram med forskjellig stramming berre for å sjå korleis det påvirka mønsteret. Øverst er veldig stramt, nede litt lausare. Blei mykje teikning av mønster for å klare å få det til å sjå fletta ut, men eg klarte det til slutt. (Meiner eg sjølv i alle fall)

Vottar/torgvantar i nålebinding


Sjølvkomponerte vottar/torgvantar i Safirgarn frå Spar Kjøp. Ein prototype...

Legg opp og bind som til ein vanlig vott heilt til eg kjem til fingrane.

Her syr eg fast i gamle maskar langs baksida av handa, og legg opp nye på framsida, og syr ihop og avsluttar som ein vanlig vott. Slik får du ein "votteklaff" du kan bretta over fingrane eller festa bak på handa med ein knapp e.l.


Og ein prototype til...


Denne gangen i lilla. Her har eg ikkje laga vottedelen enno



På desse valde eg å ha heil tommel, mens på dei blå og grå lagde eg "klaff" på tommelen og. 

lørdag 18. august 2012

Vott i York-sting pynta med nålefilting

Ein prøvelapp i York-sting.



Ville prøve meg på york-sting med tynt garn, og sjå korleis det vart når eg tova det.





Ikkje akkurat det mest vellukka eg har laga, men nålefilta litt pynt på, så vart den ikkje så verst sjølv om den vart ujamn.

lørdag 11. august 2012

Forskjellige nålebindingsvariantar


Diverse prøvelappar i forskjellige sting.


Det "vanlige" eg har lært av mor mi, der ein plukkar 3 lykkjer bak tommelen, og syr fast i ei ny og ei gammal lykkje.


Samme teknikk, men til høgre er det plukka opp 2 lykkjer bak tommelen, til venstre ei. Fortsatt lik fastsying.



Oslo-stinget. 1 lykkje bak tommelen, fastsydd i 1 ny lykkje.
Desse stinga har eg brukt HER.


Oslo- stinget med 2 lykkjer bak tommelen. Same fastsying.


Oslo-stinget med 2 lykkjer bak tommelen, fastsydd i både øvre og nedre maske.


"York" - 1 lykkje bak tommelen, sydd fast i ei ny og ei gammal.


"York" med "Oslo" i oppleggskanten (eg tykkjer det blir finare kant då) Slit med å få York-stinget jamt nok,  så alt eg lagar med dette stinget blir tova.


fredag 10. august 2012

torsdag 9. august 2012

Vottar og panneband med hekla blomst


Rillestrikka panneband med hekla kant og blomst. Hekla vottar fôra med kvit fleece.

Fine lua!

Fine lua som mor mi har både designa og pjona til meg. Øvste del er pjona i fremste del av masken, kanten nede er pjona i bakre del.






For sånne som meg som har store mengder hår, så er det godt med ei lue som er vid oppe og litt strammare nede, for då er det plass til alt håret, uten at lua glir opp heile tida.

Heimelaga nåler og pulsvantar i oslo-sting

Likte ikkje nålene eg kjøpte på husfliden, så eit av dei nye prosjekta har vore å laga eigne nåler.
Nåla frå husfliden brukar eg stort sett berre til å legga opp på, for den er så brei.
Kjøpte og ei beinnål på arkeologisk museum som eg har brukt ein del når eg snur og skal ta opp langs oppleggskanten, men den er litt for spiss til å binda med ellers, tykkjer eg. Det blir litt for lett å kløyva garnet når den er så spiss.


Frå venstre: Nål frå husfliden (lett modifisert rundt holet), heimelaga brei nål, heimelaga spiss nål, heimelaga kort nål, og beinnål kjøpt på arkeologisk museum.


Kort nål med stort auge med plass til lang tråd.


Ei av mor mi sine nåler som har vore "inspirasjon"


Oslo-stinget med Mor Aase- garn i naturkvitt


Pulsvante i Oslo-sting

Pjona vottar i grått og lilla

Lenge sidan sist eg oppdaterte no. Bildetrøbbel og ferie må nok og ta ein del av skulda..

Mine første pjona vottar.

 Eg trudde lenge at pjoning var skikkelig innvikla, men når eg prøvde, så viste det seg at det berre var å hekla med kjedemaskar.


Du får variasjon i mønsteret ved å hekla i bakerste eller fremste del av masken. Det vanskeligaste var i grunnen å pjone laust nok, så dei ikkje vart for stramme.