onsdag 31. oktober 2012

Regnbogepulsvantar i kontstrikk


Kontstrikka pulsvantar i regnbogefargar. Denne er strikka i dobbelt "Silja" strømpegarn frå Gjestal. (80% ull og 20% nylon)


Desse  er strikka i "Kaja" som er eit tjukt garn i 70% akryl og 30% polyester. (kjekt for dei som ikkje toler ull)

Eg har funne ut at eg tykkjer dei blir finast når eg strikkar rundt, og ikkje fram og tilbake, for då slepp ein å sy dei ihop etterpå. (og eg er i alle fall ikkje flink nok til å klara å laga ein heilt usynleg saum...)
Men trådane må ein festa uansett. Absolutt det kjedelegaste med heile prosjektet, hehe.

Nålbundne pulsvantar med strikka kant

Sjølve pulsvantane er bundne i vanlig styng i "Ullteppegarn" frå Gjestal med tre lykkjer bak tommelen. 
Strikkakanten er ein rettstrikka sylinder i "Cocoon" frå Du Store Alpakka. Denne bretta eg dobbelt (vrangside mot vrangside) og sydde fast i kanten på pulsvanten. 



torsdag 25. oktober 2012

Kontstrikka pulsvantar

Har alltid tenkt på å prøve kontstrikk, men aldri heilt sett meg inn i det før no. 
Det blei ei øving i å strikka med venstrehanda og, for å sleppa å snu arbeidet så mykje. 
Eg brukte litt restar i "Tynn Alpakka" frå Du Store Alpakka.
Dette vart altso resultatet.



Greit å sjå at det er litt framgang, og at det blir jamnare sånn smått om senn.



Oppskrifta fann eg i ei lita strikkebok eg kjøpte i daglegvarebutikken, "Strikking" av B. Myhrer og L.S. Brandal. Teknikken står greitt forklart i boka, men om du vil ha ei litt grundigare innføring vil eg absolutt anbefala nettsida www.strikketeigen.com. Der er det mykje flott å bli inspirert av, og verkeleg gode innføringar i fleire teknikkar. 

onsdag 24. oktober 2012

Gimpa sjal



Eg har kopiert eit sjal eg fekk hjå mor mi, som ho har fått frå si tante.


Her har eg gimpa i garnet "Kitten Mohair" frå SandnesGarn i farge nr 6860. Biletet yter absolutt ikkje garnet rettferd, det er mørkeblått med sølvtrådar i, men dei ser du ikkje så godt her... 



Sjalet manglar ei siste gimpa remse rundt, heklakant og frynser før det er ferdig. (Og så må eg jo sjølvsagt feste alle trådane... Oh joy!)

mandag 22. oktober 2012

Gimpa skjerf - ferdig!

Her er det ferdige resultatet :) 

Oppskrifta på nuperelleborden fann eg HER (Oppskrifta er på engelsk)



Garnet eg har brukt er "Ullteppegarn" i naturkvitt og "Drops Vivaldi" i beige. 


fredag 12. oktober 2012

Gimpa skjerf


Eit gimpa skjerf som snart er ferdig. Har hekla kant rundt og jobbar med nuperelle-bordar til å festa frynsene i. Fleire bilete kjem etter kvart. :) 


Øvste kanten er ferdig, den andre manglar hekla kant