fredag 6. desember 2013

Sol sine uglevottar

Har brukt samme uglemønster som på dei forrige, men motsatte fargar og kortare brot, sidan eg hadde litt lite garnrestar. Har tenkt å enten hekle eller strikke opp eit lengre brot etter kvart. :)


Har og laga eit anna mønster inni votten.



Pulsvantar i heimespunne garn

Mitt første prosjekt i heimespunne garn. Eller.. Det vil seie.. Mitt første prosjekt i heimespunne garn som er såpass jamt at det var kjekt å strikka med.. om ikkje anna så har eg i alle fall blitt ein hylar på å laga effektgarn! 











Kontstrikka leggvarmarar i Kauni-garn



Kontstrikka leggvarmarar i eige mønster. Laga dei til sjalet og pulsvantane i det same garnet frå Kauni. 
Eg byrja med ruter på 8 m øverst, felte til 7 m etter tre omgangar,  til 6 m etter fem nye omg, og så til 5 m etter tre nye omg.
Slik fekk eg god plass til å stappe buksa nedi øverst, og dei sit godt inntil nede. 




fredag 14. juni 2013

Pulsvantar i Kauni EH



Her er pulsvantane eg laga av restegarnet etter færøysjalet og leggvarmarane.
Eg tok utgangspunkt i eit par oppskrifter på blondekantar som eg fann i ei strikkebok, (skal sjekke opp forfattar og tittel seinare) og strikka ihop.

Strikka "Færøysjal" i Kauni EH

Har brukt dette mønsteret frå Navia. Og dette garnet frå Kauni.
Det einaste eg har gjort "anleis" er at eg har droppa heklekanten langs kanten oppe, rett og slett fordi eg tykkjer det er betre. Heklekanten gjer naturleg nok at det blir mindre elastisk.



Tykte det var litt stilig at frynsene gradvis endra farge frå mørkt til lyst. :) Hadde akkurat ikkje nok garn, så eg måtte kjøpa eit nøste til. Så då blei det pulsvantar og leggvarmarar til. :)


fredag 7. juni 2013

Gimpa sjal - ferdig!

Endeleg ferdig med dette sjalet. 

Eg har ikkje noko mønster på det anna enn det gamle kastet eg har kopiert, så om nokon veit kvar eg kan få tak i dette og/eller andre mønster på gimpa sjal, blir eg glad! :) 








Kopien til høgre, originalen til venstre. :)

tirsdag 4. juni 2013

Korleis laga papirblomar

Ikkje så vanskelig som du kanskje trur.


For å laga papirblomar må du nødvendigvis ha papir. Her har eg berre brukt vanlig kopipapir som er spraya med glimmer mist. (Eg brukte det som underlag når eg spraya delar til eit album-kort. Waste not, want not, som dei seier... )


Bruk utstikkarar (eller teikn opp dine eigne blomar og klypp ut) til å lage blomane


Eg har brukt desse tre som eg kjøpte på Panduro i si tid. 
Du kan fint bruke blomane slik dei er, men eg likar å friska dei opp litt :) 


Du treng igrunnen berre eit underlag med litt svikt i (eg brukar ei skumplate) og ein pensel. Og papirblomar, sjølvsagt. Legg blomen med baksida opp på underlaget.


Bruk enden på penselen og "strek" langs kanten på kronblada. Pass på å ikkje ta for hardt i, det er fort gjort å øydeleggje...


Dette får kronblada til å krølla seg ihop. 


Når du har krølla alle kronblada, vil blomen sjå slik ut.


Snu den, og rett forsiktig på kronblada så dei ikkje får stygge brettar.


Bruk enden av penselen til å "teikna" ein sirkel i midten av blomen, dette får kronblada til å "reise seg".


Gjer sameleis med så mange blomar du treng/vil ha. 


Ha litt lim i midten av blomen..


..og lim den neste oppå. 


Her har eg limt ihop tre i den mellomste størrelsen, og festa ei halvperle i midten..


..og fire av dei største.


Desse limte eg ihop til ein stor blom.


Til venstre er det fire store og tre mellomstore ubearbeida blomar, og til høgre er det like mange som er krølla og limte ihop. (Berre for å vise skilnaden)


Her er begge ferdige og klare til bruk. Blomen til venstre pynta eg med eit rhinestone klistremerke frå Nille.


Meir enn dette og evt utstikkarar treng du ikkje. :) 

Sjølvsagt skadar det ikkje å ha eigne embossingverktøy, men det er absolutt ikkje noko "must"! 

Dersom du målar eller fargelegg arket sjølv, er det viktig å vente til det er heilt tørt før du byrjar, elles er det fort gjort å rive blomane sunde. 





Å nysta opp garn...

...er vel ikkje akkurat min favoritthobby, men det er ikkje alt garn som kjem ferdig nysta. (Diverre)
Så til deg som lurte på korleis eg gjer det, her kjem det eit lite innlegg. :-)

Eg fann dette herlege eintråda garnet frå Svarta Fåret på garnbutikken, og klarte ikkje å dy meg. (Sjølv om eg eigentleg skal vera flink jente og bruka opp mest mogeleg av lageret mitt)


Det finst dei som er så heldige at dei har både hespetre og nystemaskin, og eg håpar at eg ein gong kan kara meg til ein bås i den kategorien eg og. Det skal seiast at ein klarar seg heilt fint utan, det berre går så mykje fortare med. Latskapen lenge leve!  Ein får heller fokusere på at ein slepp å klyppe sauen, vaske ulla, karde ho og spinne og farge garnet sjølv i tillegg mens ein sit der og kvar meter virkar som ein kilometer. Plutseleg er det ikkje så gale å berre måtte nysta det. 

Ideelt sett, så er jo hespetreet tingen, men er ein heldig, så har ein kanskje ein god ven som stiller armane til disposisjon. Når eg er mutters åleine, og finn ut at eg MÅ nysta, så set eg meg og legg garnhespa rundt knea og brukar dei til å stramme og slakke på hespa etter kvart som eg nystar. Dette er hakket meir knotete, og du har berre deg sjølv å skulde på dersom det blir surr i garnet, men det funkar det og, altso! Eller ein stolrygg.. Eller det du har for handa som kan passe. 

Det viktigaste med sjølve nystinga er å ikkje nysta for stramt, for då misser garnet spensten, og det ryk lett.
For å unngå dette må du ha ein eller to (eller fleire) fingrar mellom når du surrar tråden rundt nystet.

Her er ein måte å gjera det på:

Start med å lage åttetal mellom to fingrar.



Brett åttetalet på midten og samle garnet.


Start å surre med ein eller to fingrar imellom. 


Og surr til du har ein passe stor klump.


Deretter snur du nystet ca 90 grader og surrar litt til.


Fortsett slik og snu det i forskjellige retningar (for å holde det rundt) til du ikkje har meir garn att i hespa. 
På store nyste med tynt garn brukar eg gjerne fleire fingrar etter kvart for at det ikkje skal bli for stramt.



Eit anna herleg garn som måtte nystast opp er dette frå Kauni




Den andre måten å nysta opp garnet på er å krølla ihop bandet rundt nysta og nysta rundt det slik bestemor mi gjorde. Då er det enklare å starta, du får det fint og rundt med ein gong, og ikkje minst, du veit kva garn det er du har nysta opp ein gong for lenge sidan... :-)



Krøll papiret ihop så rundt du klarar,


og start å surra laust rundt papiret. 


Fortsett å surre garnet rundt og vri nysta som i metonden over.
Hugs å passe på stramminga! Evt ikkje-stramminga.. Hehe.



Gratulerer! Du har eit fiks ferdig garnnyste du kan lage deg noko fint av. Eller noko kjedeleg, men nødvendig. Eller noko til ein ven. Eller.. 

Eg skal i alle fall gimpa eit tubeskjerf og lage eit par med nålbundne pulsvantar av det grå garnet, og strikke eit sjal av det regnbogefarga. ...trur eg. :)


Lenge sidan sist...

Har vore sjuk, så har ikkje fått oppdatert bloggen. 
Menmen, her kan du i alle fall sjå noko av det eg har drive med i det siste:














Litt meir utfyllande innlegg om dei fleste prosjekta kjem straks. (Håpar eg)