...er vel ikkje akkurat min favoritthobby, men det er ikkje alt garn som kjem ferdig nysta. (Diverre)
Så til deg som lurte på korleis eg gjer det, her kjem det eit lite innlegg. :-)
Eg fann dette herlege eintråda garnet frå Svarta Fåret på garnbutikken, og klarte ikkje å dy meg. (Sjølv om eg eigentleg skal vera flink jente og bruka opp mest mogeleg av lageret mitt)
Det finst dei som er så heldige at dei har både hespetre og nystemaskin, og eg håpar at eg ein gong kan kara meg til ein bås i den kategorien eg og. Det skal seiast at ein klarar seg heilt fint utan, det berre går så mykje fortare med. Latskapen lenge leve! Ein får heller fokusere på at ein slepp å klyppe sauen, vaske ulla, karde ho og spinne og farge garnet sjølv i tillegg mens ein sit der og kvar meter virkar som ein kilometer. Plutseleg er det ikkje så gale å berre måtte nysta det.
Ideelt sett, så er jo hespetreet tingen, men er ein heldig, så har ein kanskje ein god ven som stiller armane til disposisjon. Når eg er mutters åleine, og finn ut at eg MÅ nysta, så set eg meg og legg garnhespa rundt knea og brukar dei til å stramme og slakke på hespa etter kvart som eg nystar. Dette er hakket meir knotete, og du har berre deg sjølv å skulde på dersom det blir surr i garnet, men det funkar det og, altso! Eller ein stolrygg.. Eller det du har for handa som kan passe.
Det viktigaste med sjølve nystinga er å ikkje nysta for stramt, for då misser garnet spensten, og det ryk lett.
For å unngå dette må du ha ein eller to (eller fleire) fingrar mellom når du surrar tråden rundt nystet.
Her er ein måte å gjera det på:
Start med å lage åttetal mellom to fingrar.
Brett åttetalet på midten og samle garnet.
Start å surre med ein eller to fingrar imellom.
Og surr til du har ein passe stor klump.
Deretter snur du nystet ca 90 grader og surrar litt til.
Fortsett slik og snu det i forskjellige retningar (for å holde det rundt) til du ikkje har meir garn att i hespa.
På store nyste med tynt garn brukar eg gjerne fleire fingrar etter kvart for at det ikkje skal bli for stramt.
Eit anna herleg garn som måtte nystast opp er dette frå Kauni
Den andre måten å nysta opp garnet på er å krølla ihop bandet rundt nysta og nysta rundt det slik bestemor mi gjorde. Då er det enklare å starta, du får det fint og rundt med ein gong, og ikkje minst, du veit kva garn det er du har nysta opp ein gong for lenge sidan... :-)
Krøll papiret ihop så rundt du klarar,
og start å surra laust rundt papiret.
Fortsett å surre garnet rundt og vri nysta som i metonden over.
Hugs å passe på stramminga! Evt ikkje-stramminga.. Hehe.
Gratulerer! Du har eit fiks ferdig garnnyste du kan lage deg noko fint av. Eller noko kjedeleg, men nødvendig. Eller noko til ein ven. Eller..
Eg skal i alle fall gimpa eit tubeskjerf og lage eit par med nålbundne pulsvantar av det grå garnet, og strikke eit sjal av det regnbogefarga. ...trur eg. :)