tirsdag 14. januar 2014

Nålebundne vottar med perlebroderi

Har forresten brodert desse nålbundne vottane med perlebroderi, band og floss for å pynte dei opp litt.




 







Her har eg sydd på floss i brunt naturgarn. Eit innlegg om korleis lage floss på ein enkel pappvev kjem om ikkje lenge for dei som er interesserte i det. :) 


Den ferdige votten... No gjeld det berre å få den andre lik.. xD 

Mitt neste prosjekt? - Vestlandskofta

Akkurat no held eg på med ei strikka røykejakke i "Falk" frå Dale Garn, men dette er (forhåpentlegvis) mitt neste prosjekt.
Ikkje akkurat enkelt å få tak i oppskrifta på denne, så det blir vel til at eg strikkar ut ifrå den mor mi strikka til seg sjølv, og som eg fekk arva for nokre år sidan. Kryssar fingrane for at me finn oppskrifta ein eller annan plass, så eg slepp alt arbeidet med å kopiera mønsteret ved å måle og telje maskar og teikne av mønster frå sjølve kofta.


Vaksenkofta skal ifylgje det gamle mønsteret eigentleg ha litt meir firkanta halsutringing og mansjettar i svart ullstoff pyta med band, medan barnekofta er slik som denne. Barnekofta og herrekofta er strikka med koks som botnfarge og kvitt mønster, medan damekofta har kvit botnfarge og svart mønster. (...og dette veit eg fordi det einaste eg har funne som kan likna på eit mønster er eit gammalt bilete av framsida på mønsterheftet der du ser alle tre variantane.) Eg kjem nok berre til å strikke ein vaksenversjon av barnekofta, då eg likar den best. 


Det er mogeleg eg kjem til å strikka vrangbord nede så den ikkje rullar seg sånn opp, sjølv om det ikkje er slik originalmønsteret seier det skal vere. Kjem nok også til å legge inn ekstra omgangar med lus så den blir nokre cm lengre, sidan eg er litt høgare enn mor mi, som denne var strikka til.

(Eit tips dersom du vil ha kofta litt innsvinga i livet i staden for heilt rett, er å strikka på ein halv pinnestørrelse mindre der du vil ha den innsvinga)


Ho er strikka i Heilo frå Dale Garn, eit godt garn i 100% ull som nuppar veldig lite. Kofta er tross alt ein del år gamal og mykje brukt, noko du kan sjå såvidt under armane, men nesten ingen nuppar, det skal ho ha. Bestemor mi hadde nok rett når ho sa at Heilo nuppar mindre enn Peer Gynt.

Mønsteret er frå Dale Garn og heftet eg fann bilete av heiter Dale Heilo D521.
Så om nokon har dette mønsteret liggande og har lyst til å låne meg det, eller veit kor eg kan få tak i det, så hadde eg vorte veldig glad om du ville leggje att ein kommentar. :)

(Sandnes Garn har også oppskrift på ei vestlandskofte, men det er altså ikkje den eg er interessert i.)