onsdag 25. april 2012

Brikkevevde band

Litt diverse band eg har vove.


Mitt første forsøk på eit Birka-band. Eg fann det i Sigrid Brox Haugen si bok "Festbånd - Brikkevev med ny vri" Mitt andre band nokon sinne, og kanskje ikkje det smartaste andrevalget sidan det var såpass innvikla. Men følte det gjekk greitt berre eg kom inn i "rytmen"

Testband der eg berre prøvde meg fram til eit mønster med fire fargar i alle brikkene, botsett frå kantbrikkene, som var grøne. I det øverste har gult og kvitt bytta plass i annakvar brikke.



På desse to banda har eg brukt mønsteret "løpende hund" frå "Festbånd" -boka, og berre halvert det.

På dette bandet følte eg at gulltrådane og grønfargen blei litt for like i tillegg til at eg bomma litt på retninga når eg trædde, så mønsteret ikkje kom så godt fram. 

Grå gåveøskje med heimelaga papirblomst

Fekk ei fin klokke i denne øskja for ei tid tilbake, og tok vare på den fordi eg tykte det såg ut som den hadde "pyntepotensiale". Kledde den i mønsterpapir og pynta med diverse band, perler og blad + at eg laga ein blomst som passa med fargane på resten av pynten.


Lilla band

Mitt siste innkjøp frå garnbutikken. Tykte desse fargane var så flotte i lag.


Eg fann eit fint mønster i boka "Festbånd - Brikkevev med ny vri". Mønsteret blir kalla "Løpende hund" eller "kivrim". Eg la berre til ein ekstra svart kant, sidan eg brukte svart innslagstråd for å få brukt opp litt restegarn. .





mandag 23. april 2012

Smykker

Litt detaljar frå smykker eg har laga på bestilling. Temaet var grønt, brunt og gyllent.





torsdag 19. april 2012

Lappeteppe

Endå eit av mine ikkje heilt ferdige prosjekt. Fant ut at eg måtte få brukt opp litt restegarn, og då er jo lappetepper ein fin ting.  Prøver meg på litt forskjellige teknikkar, slik at eg ikkje skal gå så fort lei, og få vondt i armane.




Hekla bestemorsrute 


Hakka rute


Rillestrikka rute

Me får sjå kor mange ruter eg lagar, og kor stort teppet blir. Og ikkje minst korleis eg skal montere det. Det har eg ikkje heilt bestemt meg for enno. :-) Ei heller kor mange forskjellige typar ruter eg vil ha. 

onsdag 18. april 2012

Pulsvantar i nålebinding

Eit av mine mange halvferdige prosjekt... Nålebundne pulsvantar i blåfjellgarn frå Nille med tre maskar bak tommelen. Vurderer å brikkeveve band til å dekorere med. Me får sjå. :-) Jobbar med begge to samtidig, i håp om å få dei sånn nokonlunde like store..

tirsdag 17. april 2012

Brikkevev - ikkje så vanskelig som ein kanskje trur...

Eg har omsider byrja med brikkeveving, etter å ha tenkt på det lenge. For å vere heilt ærlig kvidde eg meg litt for å setja i gang, for det såg noko innvikla ut.

Under over alle under, eg klarde å træ rett på fyrste forsøk, og bandet var ikkje så verst. Litt ujevnt i kanten kanskje, men (eg meiner i alle fall) det var ganske bra til å vere fyrste forsøk, tross alt. :-)


Eg prøvde meg litt fram med litt restegarn som eg hadde liggande. Og gleda var stor då det viste seg at eg hadde trædd rett, og mønsteret byrja å tre fram.




Eg hadde ikkje ein passande skyttel, så eg juksa litt og brukte ei nålebindingsnål. Og når eg fyrst hadde fått "dreisen" på det, gjekk det ganske radig.

Det ferdige bandet, litt over 1 m langt. Brukte kanskje eit par timar på renning, træing og sjølve vevinga. Det var eit temmelig enkelt mønster, få brikker, og alle brikkene skulle vridast same vegen.

Papirblomster


Nokre heimelaga papirblomster til eit kortprosjekt.
Eg hadde ikkje blomster i dei fargane eg trengde, så då fann eg ut at det var like greit å berre lage dei sjølv...