Endå eit av mine ikkje heilt ferdige prosjekt. Fant ut at eg måtte få brukt opp litt restegarn, og då er jo lappetepper ein fin ting. Prøver meg på litt forskjellige teknikkar, slik at eg ikkje skal gå så fort lei, og få vondt i armane.
Hekla bestemorsrute
Hakka rute
Rillestrikka rute
Me får sjå kor mange ruter eg lagar, og kor stort teppet blir. Og ikkje minst korleis eg skal montere det. Det har eg ikkje heilt bestemt meg for enno. :-) Ei heller kor mange forskjellige typar ruter eg vil ha.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar