Mitt første forsøk på eit Birka-band. Eg fann det i Sigrid Brox Haugen si bok "Festbånd - Brikkevev med ny vri" Mitt andre band nokon sinne, og kanskje ikkje det smartaste andrevalget sidan det var såpass innvikla. Men følte det gjekk greitt berre eg kom inn i "rytmen"
Testband der eg berre prøvde meg fram til eit mønster med fire fargar i alle brikkene, botsett frå kantbrikkene, som var grøne. I det øverste har gult og kvitt bytta plass i annakvar brikke.
På desse to banda har eg brukt mønsteret "løpende hund" frå "Festbånd" -boka, og berre halvert det.
På dette bandet følte eg at gulltrådane og grønfargen blei litt for like i tillegg til at eg bomma litt på retninga når eg trædde, så mønsteret ikkje kom så godt fram.
Fine band. Skal snart begynne på mitt første. Det blir det ferdig tredde hjertemønsteret jeg kjøpte på Folkemuseet i går.
SvarSlettIngrid
Tusen takk for det, og lykke til! :)
Slett