fredag 7. desember 2012

Nålbundne, tova vottar med broderi.

No har eg omsider fått brodert på DESSE vottane. 


Vottane har litt forskjellig broderi, den andre har litt mindre motiv med motsatte fargar, og namn på.


Men sidan vottane er ei gåve, så er namnet hemmeleg inn til vidare ;)



torsdag 6. desember 2012

Sol sine uglevottar i brunt og beige.

Her er uglevottane i ein annan fargekombinasjon.



Strikka i "Jade" (70% ull, 30% alpakka) i brun og beige. 



søndag 2. desember 2012

Nålbundne pulsvantar

Garnet er frå Svarta Fåret, og er ei blanding av ull og akryl med glittertrådar i. 



Pulsvantane er bundne i Oslo-sting. 


Eg la opp 24 sting før eg batt ihop. Etter 6 omgangar auka eg med 2. Etter 10 omgangar laga eg hol til tommelen. (4 sting utan å binde nedi, hoppa over 6). 3 omgangar til, og vips, ferdig! 





tirsdag 27. november 2012

Revontuli-sjal i regnbogegarn frå Kauni

Revontuli er finsk for nordlys (Aurora Borealis) og mønsteret er absolutt nydeleg i blå/grøntonar.

Eg hadde lyst til å strikke sjalet i Sandnes Mini Palett i blå/grøntonar, men dette var utgått, så eg la prosjektet på hylla ei stund. Eg kjøpte eit par nøster av Kauni-garnet for ei tid tilbake fordi eg hadde lyst til å lage eit regnboge-sjal, og fann ut at eg skulle ta fram mønsteret att.









Flott garn med fine overgangar ( eit lite minus med eit par stygge knutar inni nøsta, der garnet f.eks plutseleg gjekk frå orange til blått, så det blei litt nøsting og spleising av garn. ) Og mønsteret  var lett å fylgja og strikka. Eg skreiv ut diagramma og gula ut etter kvart som eg strikka. Tykte det var lettare å ta att då, og slapp å telja så mykje. 

Linkar:

Garn (Kauni EQ)

Sjalet skal ligga i vatn i 30 min før det skal blokkast. Dette har eg ikkje fått gjort enno, men skal legga ut bilete av det ferdige resultatet sidan. :-)

fredag 23. november 2012

Renning av brikkevev



Dette er på ingen måte ein fasit, berre eit eksempel på korleis eg lagar renning og trær brikkene.

Beklagar litt dårlige bilete.


Litt av utstyret eg brukar til brikkevevinga.



Eg har laga mine eigne kort av ein billeg kortstokk. Hòla har eg merka med bokstavane frå A-D for å gjera træinga enklare. Eg har og merka hjørnet med A-hòlet med ein grøn strek, pluss at eg har merka to av dei motstående kantane med raudt og blått.


På denne måten er det enklare å sjå om eg har snudd korta feil under vevinga.

Sjå på mønsteret og finn ut kor mange trådar du treng i dei forskjellige fargane. Ei rute i mønsteret = ein tråd.

I mønsteret mitt trong eg f.eks  2 gule, 10 raude, 12 lysegrøne, 14 mørkegrøne og 18 svarte trådar.


Til renninga brukar eg ein stol på kvar side av stovebordet, men her har eg brukt gimpegaffelen berre for å visa prinsippet i mindre målestokk. Fest tråden , og begynn å surre garnet mellom dei to punkta. 


Pass på å ha jamn stramming slik at trådane blir like lange. Hold teljinga på trådane. (Ein renningstråd = frå punkt 1 via punkt 2 og tilbake til punkt 1.)


Knytt ein trådstump stramt rundt alle renningstrådane.


Samle alle trådane i motsatt ende, stram lett, og klypp


Slik blir renningstrådane så like som mogeleg.


Då ender du opp med ein slik garnbunt (berre mykje lengre).


Du kan og knyta ei snor eller slå ein knute midt på sjølve renninga slik at du har betre kontoll på trådane.

Gjer dette med alle fargane. 


Eg likar å laga klar buntar før eg trær brikkene. Sjå i mønsteret kva trådar som skal i kva brikker og legg dei klare.


Eg tykkjer dette er enklare og meir effektivt enn å skulle plukka trådar frå buntane med renningsgarn etter kvart som eg trær. Lag buntar, ein for kvar brikke, og legg dei i rekkefølge.


Sjekk i mønsteret kor mange brikker du treng, kva farge som skal i kva hòl og kva retning du må træ dei forskjellige brikkene.

A, B, C og D viser kva tråd du skal træ i kva hòl
S og Z eller \ og / viser retninga tråden går gjennom brikka.


S eller \


Z eller /


Træ ei og ei brikke, og begynn med brikke nr 1 i mønsteret, og legg dei i rekkefylgje etter kvart som du trær. Det er lurt å leggje dei i same stilling (A over A, B over B osb.) og træ dei inn på ei maskenål etter kvart.


Du kan eventuelt legge dei oppå kvarandre, og træ dei inn på maskenåla etterpå. 
(Berre pass på at du trær gjennom det same hòlet på alle brikkene for ikkje å få kluss i mønsteret når du skal veva.)


Ferdig trædd og klar til å spennast opp. Eg samla alle trådane og knytte dei fast i ein ring til dette bandet, sidan eg kun skal vri brikkene 4 fram og 4 tilbake. Til meir innvikla mønster der brikkene skal vridast same vegen heile bandet, brukar eg svivlar for å sleppe at trådane tvinnar seg i kvarandre bak brikkene. 

Spør gjerne dersom det er noko som er litt uklart, eller om det er noko du lurer på. :-) 

Forhåpentleg kjem det litt fleire innlegg om brikkevev framover. 

torsdag 22. november 2012

Vottar etter mønster frå Viking Garn

Har strikka ein del slike vottar i forskjellige fargar. 
Dette er den siste utgåva. 


Mønsteret fekk eg med dette settet: Viking Kits Votter

Bokmerke og lita brikke i nupereller



Eit bokmerke eg har laga i nupereller.
Oppskrifta fann eg her: Lacy Bookmark



Lita brikke eg fann oppskrift på på Annes Nuperellenett.
Der finn du og ein del om nupurellehistorie, korleis slå nupereller, oppskrifter og mykje anna kjekt.


onsdag 21. november 2012

Man tager hva man haver...

I dette tilfellet ei grøn strømpebukse og ei hue i syntetisk pels. 


Strømpebuksa blei til fire sylindrar, to korte ( frå litt over ankelen og ned) og to lange (frå hofta og ned til ca anklane).


Eg spratt opp alle saumane i hua og klypte  pelsbitane i remser. 


Desse sydde eg ihop til ein ring


..nåla dei fast i strømpebuksebitane rettside mot rettside...


...sydde ein saum.


Bretta juksepelsen dobbelt...


 ..og sydde fast på vranga.. 

Juksepelsen rakk til fire pulsvantar. (Pluss ein stor, rund lapp)


Eit par med korte


Og eit par med lange


Desse kan trekkast heilt opp til skuldrane dersom det trengs. (det er ikkje alltid like lett å ta bilete sjølv...)






tirsdag 20. november 2012

Pulsvantar med biser frå "MiniMaskerader"




Fann oppskrifta i "MiniMaskerader" nr 1 (design nr 3) frå Du Store Alpakka, og no har eg testa den i litt forskjellige variantar og fargar.

Dei blå er strikka fram og tilbake og sydde ihop slik det står i oppskrifta, medan dei kvite og grøne er strikka rundt. 

 

Dei kvite/blå/grå er strikka i "hverdags", dei brune/grøne er strikka i "Tynn Alpakka"


Eg har funne ut at det går fire par pulsvantar på fire nøster "Hverdags", ved å byta botnfarge. 

fredag 2. november 2012

Blå pulsvantar


Dagens prosjekt. 

Fann oppskrifta i eit hefte frå Du Store Alpakka, og prøvestrikka ein i "Hverdags"(60% fineste alpakka og 40% peruviansk ull.) Litt billigare enn "Tynn Alpakka" som eg har brukt mykje før. 
Likar garnet veldig godt, det er mjukt og varmt og ikkje klør det noko særleg heller. (Tykkjer eg, i alle fall)



Må berre strikka ein til, så eg får to like, hehe.
Fortsetjng fylgjer forhåpentlegvis... 

torsdag 1. november 2012

Sol sine uglevottar

Du ser ho kanskje ikkje så godt når votten ikkje er dampa, men det ER ei ugle der... 



Ein testvott i litt restar av "Viking Sportsragg" eg hadde liggande. Har teikna mønsteret sjølv, og eg trur det skal funka greit. Til neste vottepar blir det litt meir kontrast mellom fargane, så mønsteret kjem tydelegare fram. 

Og ja, eg likar ugler! :-)