fredag 23. november 2012

Renning av brikkevev



Dette er på ingen måte ein fasit, berre eit eksempel på korleis eg lagar renning og trær brikkene.

Beklagar litt dårlige bilete.


Litt av utstyret eg brukar til brikkevevinga.



Eg har laga mine eigne kort av ein billeg kortstokk. Hòla har eg merka med bokstavane frå A-D for å gjera træinga enklare. Eg har og merka hjørnet med A-hòlet med ein grøn strek, pluss at eg har merka to av dei motstående kantane med raudt og blått.


På denne måten er det enklare å sjå om eg har snudd korta feil under vevinga.

Sjå på mønsteret og finn ut kor mange trådar du treng i dei forskjellige fargane. Ei rute i mønsteret = ein tråd.

I mønsteret mitt trong eg f.eks  2 gule, 10 raude, 12 lysegrøne, 14 mørkegrøne og 18 svarte trådar.


Til renninga brukar eg ein stol på kvar side av stovebordet, men her har eg brukt gimpegaffelen berre for å visa prinsippet i mindre målestokk. Fest tråden , og begynn å surre garnet mellom dei to punkta. 


Pass på å ha jamn stramming slik at trådane blir like lange. Hold teljinga på trådane. (Ein renningstråd = frå punkt 1 via punkt 2 og tilbake til punkt 1.)


Knytt ein trådstump stramt rundt alle renningstrådane.


Samle alle trådane i motsatt ende, stram lett, og klypp


Slik blir renningstrådane så like som mogeleg.


Då ender du opp med ein slik garnbunt (berre mykje lengre).


Du kan og knyta ei snor eller slå ein knute midt på sjølve renninga slik at du har betre kontoll på trådane.

Gjer dette med alle fargane. 


Eg likar å laga klar buntar før eg trær brikkene. Sjå i mønsteret kva trådar som skal i kva brikker og legg dei klare.


Eg tykkjer dette er enklare og meir effektivt enn å skulle plukka trådar frå buntane med renningsgarn etter kvart som eg trær. Lag buntar, ein for kvar brikke, og legg dei i rekkefølge.


Sjekk i mønsteret kor mange brikker du treng, kva farge som skal i kva hòl og kva retning du må træ dei forskjellige brikkene.

A, B, C og D viser kva tråd du skal træ i kva hòl
S og Z eller \ og / viser retninga tråden går gjennom brikka.


S eller \


Z eller /


Træ ei og ei brikke, og begynn med brikke nr 1 i mønsteret, og legg dei i rekkefylgje etter kvart som du trær. Det er lurt å leggje dei i same stilling (A over A, B over B osb.) og træ dei inn på ei maskenål etter kvart.


Du kan eventuelt legge dei oppå kvarandre, og træ dei inn på maskenåla etterpå. 
(Berre pass på at du trær gjennom det same hòlet på alle brikkene for ikkje å få kluss i mønsteret når du skal veva.)


Ferdig trædd og klar til å spennast opp. Eg samla alle trådane og knytte dei fast i ein ring til dette bandet, sidan eg kun skal vri brikkene 4 fram og 4 tilbake. Til meir innvikla mønster der brikkene skal vridast same vegen heile bandet, brukar eg svivlar for å sleppe at trådane tvinnar seg i kvarandre bak brikkene. 

Spør gjerne dersom det er noko som er litt uklart, eller om det er noko du lurer på. :-) 

Forhåpentleg kjem det litt fleire innlegg om brikkevev framover. 

1 kommentar:

  1. Flott oversikt! Tenkte tipse om en iphone app som jeg har laget for brikkeveving, Den er praktisk siden du tar den med deg overalt, gratis og uten reklame.
    https://itunes.apple.com/no/app/id941155538

    SvarSlett