Revontuli er finsk for nordlys (Aurora Borealis) og mønsteret er absolutt nydeleg i blå/grøntonar.
Eg hadde lyst til å strikke sjalet i Sandnes Mini Palett i blå/grøntonar, men dette var utgått, så eg la prosjektet på hylla ei stund. Eg kjøpte eit par nøster av Kauni-garnet for ei tid tilbake fordi eg hadde lyst til å lage eit regnboge-sjal, og fann ut at eg skulle ta fram mønsteret att.

Flott garn med fine overgangar ( eit lite minus med eit par stygge knutar inni nøsta, der garnet f.eks plutseleg gjekk frå orange til blått, så det blei litt nøsting og spleising av garn. ) Og mønsteret var lett å fylgja og strikka. Eg skreiv ut diagramma og gula ut etter kvart som eg strikka. Tykte det var lettare å ta att då, og slapp å telja så mykje.
Linkar:
Garn (Kauni EQ)
Sjalet skal ligga i vatn i 30 min før det skal blokkast. Dette har eg ikkje fått gjort enno, men skal legga ut bilete av det ferdige resultatet sidan. :-)
wow megafiiiint vart d...du e megaflink!
SvarSlettTusen takk for det :-)
Slett