tirsdag 25. september 2012

Nålebundne pulsvantar i alpakkagarn

Nålbundne pulsvantar i "Tynn Alpakka" og "Faerytale"  frå Du Store Alpakka. 
Tynt og lett garn som varmar godt. 







Sjølve pulsvantane er bundne i "Tynn Alpakka." Dekoren er i "Faerytale".


fredag 21. september 2012

Å tova solar

Det er fleire måtar å laga solar på. Eg tykkjer solane blir meir slitesterke og behageligare dersom eg tovar dei godt før eg klypper dei ut. 

Ofte brukar eg gamle mislukka handarbeidsprosjekt i rein ull. (Ikkje garn merka "superwash" og bleika kvite fargar, for dei tovar ikkje.) Her har eg brukt naturgarn frå SparKjøp i fargen naturkvitt.

Dess lausare spunne garnet er, dess meir tovar det. ( I teorien, iallfall..) 

Dersom eg strikkar eller binder berre for å laga solar, lagar eg enten ein sylinder eller eit flatt stykke som eg tovar.



Nålbunde flatt stykke


Strikka sylindar tova ein gong på 40 grader.


1. toving


2. toving. Eg laga ein liten vrangbord i endane så dei ikkje skal rulle seg opp slik det ofte gjer dersom du berre strikkar rett.   



Her ser du strukturen er mykje tettare og jamnare. 


Her brukar eg ein skinnsole kjøpt på håndarbeidsbutikken som mal, og nåler han fast.



Så er det berre å klyppe rundt


Fyrst den eine, så den andre.


Resten av stoffet kan brukast til barnesolar eller andre prosjekt.


Her er solane ferdig klypte. Du kan bruka dei slik om du vil, men om du vil unngå at dei raknar eller flussar seg opp i kantane kan du sy tungesting/knappholssting rundt.



Dei syr du slik.


Kanten blir jamnare og meir slitesterk.


Solane - fiks ferdige og klare til bruk.


Eg har brukt desse HER.

Nålebundne tøflar, versjon 2

Mannen min fekk prøva tøflane mine, og eg innsåg kjapt at her måtte det lagast endå eit par med tøflar så eg fekk ha mine i fred. Ergo må eg ha gjort noko rett under produksjonen.

Han ynskte seg låge tøflar, så då tenkte eg eg skulle testa ut ei anna oppskrift denne gongen.



På desse byrja eg med å binde ei remse på 6 cm som eg deretter batt rundt  og auka i sidene.


Når tøffelen nådde til hælen batt eg ein halv omgang laus, og festa att den neste halve omgangen, og batt vidare. 


Til slutt la eg opp til hæl og batt rundt og rundt holet eg laga i tøffelen. Felling i begge sider og under foten.


Til slutt sydde eg att holet, og tøffelen er ferdig bunden:


Så må ein berre lage ein tøffel til, og prøve å få den lik... Ikkje alltid like lett. :)


Det er greit å måle mot den andre tøffelen med jamne mellomrom. (og gjerne foten den skal sitje på.) 



Når begge tøflane var ferdige, la eg i tova ullsålar. Oppskrift finn du HER.


Desse nåla eg fast samtidig med skinnsolane på utsida, og sydde begge fast slik som på desse tøflane.


Tøflane fiks ferdige, og no vonar eg at eg får ha mine i fred. :)

onsdag 5. september 2012

Nålebundne tøflar med skinnsole og tova innersole


Eg har aldri laga tøflar eller sokkar i nålebinding før, så det blei mykje prøving og feiling... Og litt rekking. Men eg tykkjer resultatet blei ganske bra. 
Her ser du litt av korleis eg gjekk fram. 







Eg brukte eit mislykka strikkeprosjekt som eg tova godt i maskina til innersolar.


Desse sydde eg fast samtidig med skinnsolane, slik at dei ikkje skulle krølle seg ved bruk.


Slik vart det ferdige resultatet. Gode og varme. :-)



Ein vott til! :-)

Votten min fekk seg ein make i går.
No manglar berre fleece-fôret.

lørdag 1. september 2012

Hekla tøflar

Hekla tøflar i restegarn. Fant ei oppskrift frå Drops Design, som eg ville prøve.