fredag 21. september 2012

Nålebundne tøflar, versjon 2

Mannen min fekk prøva tøflane mine, og eg innsåg kjapt at her måtte det lagast endå eit par med tøflar så eg fekk ha mine i fred. Ergo må eg ha gjort noko rett under produksjonen.

Han ynskte seg låge tøflar, så då tenkte eg eg skulle testa ut ei anna oppskrift denne gongen.



På desse byrja eg med å binde ei remse på 6 cm som eg deretter batt rundt  og auka i sidene.


Når tøffelen nådde til hælen batt eg ein halv omgang laus, og festa att den neste halve omgangen, og batt vidare. 


Til slutt la eg opp til hæl og batt rundt og rundt holet eg laga i tøffelen. Felling i begge sider og under foten.


Til slutt sydde eg att holet, og tøffelen er ferdig bunden:


Så må ein berre lage ein tøffel til, og prøve å få den lik... Ikkje alltid like lett. :)


Det er greit å måle mot den andre tøffelen med jamne mellomrom. (og gjerne foten den skal sitje på.) 



Når begge tøflane var ferdige, la eg i tova ullsålar. Oppskrift finn du HER.


Desse nåla eg fast samtidig med skinnsolane på utsida, og sydde begge fast slik som på desse tøflane.


Tøflane fiks ferdige, og no vonar eg at eg får ha mine i fred. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar