onsdag 5. september 2012

Nålebundne tøflar med skinnsole og tova innersole


Eg har aldri laga tøflar eller sokkar i nålebinding før, så det blei mykje prøving og feiling... Og litt rekking. Men eg tykkjer resultatet blei ganske bra. 
Her ser du litt av korleis eg gjekk fram. 







Eg brukte eit mislykka strikkeprosjekt som eg tova godt i maskina til innersolar.


Desse sydde eg fast samtidig med skinnsolane, slik at dei ikkje skulle krølle seg ved bruk.


Slik vart det ferdige resultatet. Gode og varme. :-)



1 kommentar: