tirsdag 17. april 2012

Brikkevev - ikkje så vanskelig som ein kanskje trur...

Eg har omsider byrja med brikkeveving, etter å ha tenkt på det lenge. For å vere heilt ærlig kvidde eg meg litt for å setja i gang, for det såg noko innvikla ut.

Under over alle under, eg klarde å træ rett på fyrste forsøk, og bandet var ikkje så verst. Litt ujevnt i kanten kanskje, men (eg meiner i alle fall) det var ganske bra til å vere fyrste forsøk, tross alt. :-)


Eg prøvde meg litt fram med litt restegarn som eg hadde liggande. Og gleda var stor då det viste seg at eg hadde trædd rett, og mønsteret byrja å tre fram.




Eg hadde ikkje ein passande skyttel, så eg juksa litt og brukte ei nålebindingsnål. Og når eg fyrst hadde fått "dreisen" på det, gjekk det ganske radig.

Det ferdige bandet, litt over 1 m langt. Brukte kanskje eit par timar på renning, træing og sjølve vevinga. Det var eit temmelig enkelt mønster, få brikker, og alle brikkene skulle vridast same vegen.

2 kommentarer:

  1. Hei. Dette ser jo spennende ut.
    Har du noen tips til hvordan du organiserer inntreing eller renning, eller hva det heter ?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje så lett å forklare berre i ord, kanskje..

      Eg lagar til renninga først, der brukar eg ein stol på kvar side av stovebordet, så eg får same lengd på alle trådane. Så byrjar eg i venstre sida på mønsteret og festar brikkene på ei maskenål (eller stor sikkerhetsnål)etter kvart, slik at dei blir liggande i rett rekkefølge. Det er viktig å alltid festa samme holet i nåla, slik at det ikkje blir rot i mønsteret. (Det kan vera lurt å merka brikkene, så er det lettare å holde styr på.)
      Ofte plukkar eg trådane i bunar til kvar brikke før eg trær.

      Dersom det er breie band, så trær eg i bolkar, og passar på å få dei i rett rekkefølge når eg heng opp veven.

      Eg kan sikkert ta bilde og vise korleis eg pleier gjere det neste gang eg renner opp eit nytt band. :)

      Slett