Under over alle under, eg klarde å træ rett på fyrste forsøk, og bandet var ikkje så verst. Litt ujevnt i kanten kanskje, men (eg meiner i alle fall) det var ganske bra til å vere fyrste forsøk, tross alt. :-)
Eg hadde ikkje ein passande skyttel, så eg juksa litt og brukte ei nålebindingsnål. Og når eg fyrst hadde fått "dreisen" på det, gjekk det ganske radig.
Det ferdige bandet, litt over 1 m langt. Brukte kanskje eit par timar på renning, træing og sjølve vevinga. Det var eit temmelig enkelt mønster, få brikker, og alle brikkene skulle vridast same vegen.
Hei. Dette ser jo spennende ut.
SvarSlettHar du noen tips til hvordan du organiserer inntreing eller renning, eller hva det heter ?
Ikkje så lett å forklare berre i ord, kanskje..
SlettEg lagar til renninga først, der brukar eg ein stol på kvar side av stovebordet, så eg får same lengd på alle trådane. Så byrjar eg i venstre sida på mønsteret og festar brikkene på ei maskenål (eller stor sikkerhetsnål)etter kvart, slik at dei blir liggande i rett rekkefølge. Det er viktig å alltid festa samme holet i nåla, slik at det ikkje blir rot i mønsteret. (Det kan vera lurt å merka brikkene, så er det lettare å holde styr på.)
Ofte plukkar eg trådane i bunar til kvar brikke før eg trær.
Dersom det er breie band, så trær eg i bolkar, og passar på å få dei i rett rekkefølge når eg heng opp veven.
Eg kan sikkert ta bilde og vise korleis eg pleier gjere det neste gang eg renner opp eit nytt band. :)